Hordalands Rolf Tepstad intervjuar Hilde Magnusson frå den raudgrøne valvaken på Tre Brør.
Hordalands Rolf Tepstad intervjuar Hilde Magnusson frå den raudgrøne valvaken på Tre Brør. Foto: Helge Søfteland

Sjå opptak frå valvaken her

Hordaland følgjer valvaken på Tre Brør, her ser du opptak frå resultatet av valdagsmålinga.

Valdagsmålinga kom klokka 21, og førte til grøn jubel og meir avmålt raud klapping, sjølv om førehandsrøystene heva stemningen litt for Arbeiderpartiet.

Politikarane har lagt bak seg ein utmattande valkamp der dei har freista veljarane med sine ulike program. No skal dei få svar på kven som skal styra kommunen dei neste fire åra.

Veljarane har sagt sitt, etter veker med grøne vindar over kommunen ligg Sigbjørn Hauge og Sp godt an, held det heilt inn, eller blir Hans-Erik Ringkjøb historisk med ein tredje periode i ordførarstolen?