Denne bilen vart stansa i to forskjellige kontrollar fredag kveld. Det resulterte i at sjåføren måtte gå til fots, og politiet tok nøklane.
Denne bilen vart stansa i to forskjellige kontrollar fredag kveld. Det resulterte i at sjåføren måtte gå til fots, og politiet tok nøklane. Foto: Lars Helge Rasch

Sjåfør vart stansa to gonger i kontroll

Den polske sjåføren vart tatt på fersken to gonger av Statens vegvesen på Voss.

Under ein kontroll som Statens vegvesen hadde ved Oppheimsvatnet fredag ettermiddag, vart ein polsk sjåfør vinka inn på haldeplassen.

Sjåføren hadde verken førarkort eller vognkort med seg i bilen, som han køyrde saman med ein passasjer.

– Han påstod at han hadde førarkort, men då me søkte etter han i det polske registeret fann me han ikkje, seier kontrolleiar Sjur Nesbøtil BA.

Les òg:

-Skrap bilen, elles kan førarkortet bli inndrege.

Henta bilen med ny sjåfør

Då politiet ikkje fann mannen i polske førarkortregister, vart bilen parkert og dei to vart tatt med til Voss.

Sjåføren fekk køyreforbod fram til han kunne visa førarkortet sitt.

Etter ei stund skaffa mennene ein tredje person på Voss, som skulle køyra bilen vidare til Bergen.

Bilnøklane vart tilbakelevert og dei tre mennene fekk køyra vidare.

Stansa på nytt

Seinare same kvelden hadde Vegvesenet ny kontroll i Skulestadmoen.

Då vart bilen stansa på nytt.

– Bilen kom køyrande frå Bergen, og bak rattet sat same personen som me stoppa tidlegare på dagen, med den andre personen i passasjersetet. Dei vart litt oppgjevne då dei vart tatt igjen, seier Nesbø til avisa.

Det resulterte i at dei måtte gå til fots, og politiet tok nøklane.

Ifylgje BA må bileigaren sjølv reisa frå Polen for å henta bilen personleg.