Sju er sendt til sjukehus etter bil kom over i feil køyrefelt.
Sju er sendt til sjukehus etter bil kom over i feil køyrefelt. Foto: Katrine Nordanger Mjelde/Arkiv

Sju sende til Voss sjukehus etter kollisjon

Alle skal vera medvitne etter ei trafikkulukke utanfor Håratunellen i Røldal onsdag kveld.

Klokka 19.39 melder politiet om at to personbilar har kollidert utanfor Håratunellen i Røldal som ligg i Odda kommune, på E134. Det skal ha vore svært glatt på staden.

#Håratunnelen: Trafikkulykke, 2 kjøretøy, nødetatene på vei til stedet

— Vest politidistrikt (@politivest)February 20, 2019

Mista kontroll over bilen

– Føraren av dei eine bilen har mista kontrollen over køyretøyet. Deretter har bilen sklide over i motgåande køyrefelt og treft den andre bilen, skriv Vest politidistrikt på Twitter.

IfylgjeBergens Tidende var dei involverte fem born og to vaksne. Ein person sat fastklemd i bilen, men vart løyst ut då naudetatane kom til staden.

#Håratunnelen: Trafikkulykke, to personbiler, en person sitter fastklemt, er bevisst

— Vest politidistrikt (@politivest)February 20, 2019

Til saman var det sju personar i dei to involverte bilane.

#Håratunnelen: Tilsammen 7 personer i de to bilene, alle blir kjørt til Voss sjukehus, samtlige var bevisst, fører av den ene bilen har mistet kontrollen over kjøretøyet, deretter har bilen sklidd over i motgå kjørefelt og truffet den andre bilen.

— Vest politidistrikt (@politivest)February 20, 2019

Artikkelen held fram under annonsen.

Vegen open att

Klokka 20.33 melder politiet at vegen er open for ferdsle etter ulukka. Bilbergar har henta dei involverte bilane. Politiet opprettar sak.

#Håratunnelen: Hendelsen har skjedd på utsiden av tunnelen, bilene er hentet av bilberger, veien er nå åpen igjen for alminnelig ferdsel, politiet oppretter sak.

— Vest politidistrikt (@politivest)February 20, 2019