HENTA MANNEN: Piloten i Airlift Kinsarvik kom seg inn til staden, og henta ut den skadde jegeren på Osafjellet sundag ettermiddag. Biletet er frå arkivet, og er nytta som illustrasjon til saka. Foto: Svein Ystaas

Skadd jeger henta ned frå fjellet i dårleg vêr

Sundag ettermiddag henta helikopterselskapet Airlift den skadde jegeren på Osafjellet ved Austdølnuten i Ulvik.

Ein mann er skadd i foten i samband med ein jakttur på Osafjellet ved Austdølnuten i Ulvik herad.

Like før klokka 15.30 sundag melder politiet at luftambulansen måtte avbryta på grunn av dårleg vêr, medan Airlift frå Kinsarvik kom seg inn og henta mannen.

– Han er no frakta trygt ned. Frivillige mannskap frå Røde Kors returnerer, opplyser politiet.

Mannen har overnatta i telt natt til sundag, men trong hjelp til å komma seg ned frå fjellet etter at han vart skadd på jakttur.

Les også
To redningsaksjonar i uvêr: – Heldigvis gjekk det bra med alle
Les også
Politiet takkar frivillige etter krevjande aksjon