- Det vert fantastiske forhold både i og utanfor løypene. Det er over 130 centimeter snø og det snøar framleis, seier marknadsjef i Voss Resort, Synva Vinje.

Ho opplyser at ein del parkelement også vert klare til helga, og at folk kan nytta løypene i heile jola.

- Me har ope kvar dag framover, unntatt første joledag, seier Vinje.

Vinje oppmodar folk å nytta den nye familieløypa i anlegget.

- Vår nye familieløype er verkeleg å anbefala. Løypa har fått ny og breiare trasé, og det er laga til tre nye skibruer.

Vinje minner om ny veg til anlegget, nye Bavallsvegen, og i tillegg 75 nye parkeringsplassar i området.