TURBO: Kanskje det er litt sanning i namnet til skjelpadda, sidan Turbo har klart å rømma frå huset sitt i Haugamoen? Foto: Privat

Skjelpadda Turbo er på rømmen på Voss. Har du sett han?

Fredag ettermiddag rømte skjelpadda frå heimen sin i Haugamoen. Eigar Sarah Lørdahl Heggestad oppmodar folk til å ta kontakt om dei ser han.

Det var fredag ettermiddag at skjelpadda Turbo vart vekke, etter ein luftetur i Haugamoen.

– Eg såg at Turbo var nede på plenen. Eg spurde pappa om han hadde kontroll på skjelpadda. Det sa han at han hadde. Det viste seg at pappa hadde teke han ut på terrassen, ikkje på plenen. Dette visste eg ikkje før seinare, seier eigar Sarah Lørdahl Heggestad.

Klatra ned frå terrassen

Sarah fortel at det ei lita trapp på terrassen, som Turbo tydelegvis har klart å klatra ned frå. Det har han aldri klart å gjera før.

– Då pappa skulle henta han inn frå terrassen, der han trudde han framleis var, var han vekke. Om me ikkje hadde misforstått kvarandre, hadde nok me funnet han fortare, seier skjelpaddeeigaren.

KONTAKT: Sarah håpar at dei som ser skjelpadda tek kontakt med ho med ein gong. Foto: Privat

Sarah fortel at dei har leita rundt om i hagen og i nærområdet heile helga, utan hell. Ho har meld skjelpadda sakna på Facebook, der ho har fått stor respons på innlegget. Fleire har delt innlegget om vesle Turbo.

– Har nesten mista håpet

– Eg må ærleg innrømma eg har mista litt håpet på å finna han. Det har gått fleire dagar utan at me eller nokon andre har sett han. Likevel kan det vera at han har gøymt seg i ei busk eller kome lengre enn Haugamoen, seier ho.

Sarah seier at det er riktig sesong for at skjelpadda skal klara seg ute akkurat no, så ho har eit lite håp om at Turbo skal klara seg.

Kva skal folk gjera om dei ser Turbo?

– Då må dei ta kontakt med meg på telefon 944 30 168 eller på Facebook. Ein kan gjerne ta han opp og koma til meg med han, men det er sikkert ikkje så mange som tør å ta på ei skjelpadde, seier Sarah, med eit glimt i auga.

Skjelpadder

Skjelpadder er ein reptil-art.

Det finst 335 artar skjelpadder på verdsbasis.

Alle skjelpadder legg egg på land, i likskap med andre reptilar.

Skjelpadder er dei lengst levande av virveldyra.

Kjelde: Store norske leksikon