ME MÅ IKKJE MISTA KONTROLLEN: Helseminister Bent Høie er bekymra etter smitteauken siste tida. Skjermdump: NRK

Skjenkestopp ved midnatt

Regjeringa kjem med nye tiltak i kampen mot koronaen etter smitteutbrota i seinare tid. Inga alkoholservering etter midnatt er eitt av tiltaka.

– Eg trur dei fleste har forstått det no. Ferien er over, sa helseminister Bent Høie på regjeringa sin pressekonferanse i ettermiddag.

– Me må bremsa for å halda kontrollen. Det er framleis lite smitte i Noreg, men me ser ein auke. Mange lurar på kva som skal stengjast og stoppast, men eg vil byrja med kva me bør halda ope. Barnehagar og skular, slik at borna får undervisning og møteplassar. Sjukeheimar så dei gamle får besøk i den siste delen av livet. Og me må gjera alt for å hindra at folk mistar jobben, sa ein alvorleg helse- og omsorgsminister.

Skjenkestopp

Inga alkoholservering etter midnatt er ei av innstrammingane som no vert sett i verk. Dette gjeld frå i morgon. Det vert og oppfordra til heimekontor og fleksibel tilpassing av arbeidslivet, slik at det ikkje vert trengsel på kollektivtilboda. Det vert heller ikkje noko av dei varsla opningstiltaka som var planlagt frå 1. september. Grensa på deltakarar på arrangement vert halden på 200, og ikkje auka til 500. Det vert heller ikkje noko av å opna for breiddeidrett for vaksne frå same dato.

– Mange har venta og håpa og vert skuffa. Men me kan ikkje ta sjansen på å mista kontroll, understreka ministeren.

Rår til å ikkje reisa utanlands

Regjeringa rår no og til at innbyggjarane ikkje reiser utanlands, korkje til grøne eller raude land. Dei vil og styrka mottak og kontroll av reisande som kjem til landet.

Reisande frå raude land skal bruka munnbind fram til dei kjem til staden der dei skal gå i karantene.

Munnbind-påbod ikkje aktuelt enno

Munnbind har vore mykje diskutert dei siste dagane, men regjeringa innfører ikkje noko påbod om slikt no.

Derimot rår dei til at det vert brukt munnbind på kollektivtransport, og varslar at det kan komma meir konkrete råd om munnbind i dagane framover.

Han understreka at det er minst like viktig å halda ein meters avstand og verna seg sjølv og andre gjennom dette.

Alvorleg

Helsedirektør Bjørn Guldvog understreka alvoret i situasjonen me er oppe i.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me ber alle ta eit felles ansvar. Situasjonen me er i med pandemien er kanskje den mest alvorlege me som lever no vil stå i gjennom livet, understreka han.

– Inga ny smittebyglje

Avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet seier dei ikkje ser teikn til ei ny smittebylgje i Noreg.

Vold seier at trenden med at smitta aukar, held fram denne veka, og at mesteparten av smitten kjem frå utanlandsreiser.

– Det er mange som spør om me ser ei ny bylgje. Svaret er at det gjer me førebels ikkje. Men auken av lokale smittetilfelle er venta. Sjølv om det er lokale utbrot, ser me inga ukontrollert spreiing, seier Vold.