KUNNSKAPSMINISTER: - I dag har me tiltak som er for strenge i høve til smitten, seier kunnskapsminister Guri Melby. Difor vert restriksjonane for skular og barnehagar letta frå neste veke. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix / NPK

Skulane og barnehagane blir opna ytterlegare

Regjeringa lettar endå meir opp i smitteverntiltaka på skular og barnehagar. Frå 2. juni kan heile skuleklassar vera samla, uansett storleik på klasserommet.

Lite smittespreiing gjer det forsvarleg at ei heil avdeling i barnehagen og ein heil skuleklasse kan vere éi gruppe, opplyser regjeringa.

Samtidig blir 1-meterregelen fjerna i skulen.

– I praksis betyr det at med den noverande smittesituasjonen kan ein heil klasse vera samla i klasserommet uansett kor stort klasserommet er, og fleire kan få eit fulltidstilbod, seier kunnskapsminister Guri Melby (V).

Dei nye tiltaka blir i sin heilskap lagde fram fredag. Då blir det innført eit nytt system med raudt, gult og grønt lys, som helsestyresmaktene skal bruka for å kommunisera kva reglar som gjeld.

– Det nye systemet gjer det mogleg å planleggja og førebu seg på ulike scenario, seier Melby.

Trafikklysmodell

Dagens smitteverntiltak svarar til raudt nivå, men frå og med tysdag 2. juni skal dei etter planen nedjusterast til gult.

I barnehagane betyr det at heile avdelingar blir rekna som éi gruppe, men at ein framleis skal unngå trengsel og store samlingar.

Tilsette skal framleis unngå fysisk kontakt med kvarandre, og ein skal ynskja avstand mellom ulike grupper.

På skulane skal ein framleis unngå fysisk kontakt mellom personar, men heile klassar blir rekna som éi gruppe og kan ha undervisning saman.

Tilsette kan òg veksla mellom ulike klassar, men det blir oppmoda om å unngå trengsel og store samlingar. Reglane er noko ulike for barneskulen, ungdomsskulen og dei vidaregåande skulane. På vidaregåande blir elevar og tilsette oppmoda om å halda 1 meters avstand utanfor klasserommet når nivået er på gult.

Artikkelen held fram under annonsen.

Føreseielege forhold

Barnehagane og skulane kan planleggja for gult lys til hausten. Dersom smitten i samfunnet endrar seg, må dei vera førebudde på at tiltaksnivået kan skifta til raudt eller grønt. Det er helsestyresmaktene som avgjer om trafikklyset skal skifta, ikkje skulane sjølve, opplyser regjeringa.

– Me må ha smitteverntiltak som svarer til smittesituasjonen. I dag har me tiltak som er for strenge i forhold til smitten. No innfører me rettleiarar som gjev føreseielege forhold og som kan brukast i lengre tid, seier Melby.

– Fornuftig

Leiar Steffen Handal i Utdanningsforbundet synest det er bra at avgjerdene skal takast av styresmaktene, og ikkje av dei tilsette i skulane og barnehagane.

– Når det no blir varsla at det kjem endå ei endring i smittevernråda, betyr det endå ei omstilling og nye planar for born, elevar, lærarar og leiarar i skule og barnehage. Eg har forståing for om nokon synest at det er krevjande, seier han.

Samtidig understrekar Handal at han synest det er fornuftig at det blir lagt opp til tre ulike nivå av smittevernreglar - avhengig av smittesituasjonen.

– Eg trur det blir bra for barnehagane og skulane å kunne gå inn i sommarferien med erfaringar frå dette opplegget som med all sannsyn vil bli normalsituasjonen for dei aller fleste etter sommarferien.