GRANVIN: Ved ungdomstrinnet ved Granvin barne- og ungdomsskule er to elevar smitta. Foto: Svein Ulvund

Ungdomstrinn stengt etter nye koronatilfelle - i dag skal mange testast

Ungdomstrinnet ved Granvin barne-og ungdomsskule er stengt grunna koronasmitte. To elevar er smitta, og 23 elevar og ni lærarar er sett i karantene.

– Karantetida på ti dagar vert rekna frå siste kontakt, som var måndag 16. november. Elevar og lærar som er omfatta er derfor i karantene til og med onsdag 25. november. Det vert digital heimeundervisning måndag, tysdag og onsdag for ungdomstrinnet, melder stabssjef for innbyggjarservice i Voss herad, Tor Halvorsen.

Alle definerte nærkontaktar vert kontakta av skulen gjennom transponder, og vert testa.

Vert testa måndag

– Elevar og tilsette som er nærkontaktar vert testa i Granvin i morgon måndag 23. november frå kl 09. Oppmøte ved inngangen til kulturskulen, alle vert testa gjennom bilvindaga. Det er berre definerte nærkontaktar som vert testa her, andre må sjølv tinga test ved testseteret på Voss om dei ynskjer å testa seg.

Same husstand

– Begge dei to smittetilfella er i same husstand, og smitten kan sporast attende til smitta som førte til at to legekontor på Voss vart stengde fredag 13. november, seier Halvorsen.

Dette er førebels dei to einaste smittetilfella Voss herad har fått melding om sidan fredag.

Les også
Over hundre smitta på Voss sidan mars
Les også
Her har dei teke over 3000 koronatestar