Foto: Daniel Melve Kvarme

Slagsmål og ordensforstyrring natt til sundag

På Voss vart det meldt om slagsmål natt til sundag. I Kinsarvik vart ein person sett i drukkenskapsarresten.

Vest politidistrikt skreiv natt til sundag på Twitter at det klokka 01.11 vart meldt om slagsmål i sentrum på Voss.

Vidare opplyste dei at det var opp mot sju personar involverte, og at det var ein mogleg relasjon mellom partane.

Det vart meldt om ein mogleg knekt tommel og sårskadar.

I Kinsarvik vart ein ung mann sett i drukkenskapsarresten og meldt for ordensforstyrring, melde Vest politidistrikt sundag 06.22 på Twitter.

Dei skriv at mannen hadde utagert på ei privat adresse.

Han var ikkje i stand til å ta vare på seg sjølv på grunn av at han var rusa.