UVÊR: Slik ser det ut over Hardangervidda fredag kveld. Vegvesenet åtvarar folk som har sommardekk om at dei ikkje kjem over fjellet med sommardekk. Foto: Webkamera/Statens vegvesen

Slik ser det ut over vidda: – Bilar med sommardekk kjem ikkje over

På grunn av uvêr vart vegen over Hardangervidda stengd for alle køyretøy.

Vegtrafikksentralen vest melder på Twitter at riksveg 7 over Hardangervidda truleg vert stengd for personbilar.

– Det er kolonnekøyring over Hardangervidda, men vegen blir mest sannsynleg stengd for personbilar i løpet av kvelden, skriv dei klokka 18.

Klokka 21 melder Vegtrafikksentralen at vegen er stengd for personbilar. Og at det er kolonnekøyring for køyretøy over 7,5 tonn.

Kort tid seinare vart fjellovergangen stengd for alle køyretøy på grunn av uvêr.

Dei opplyser samstundes om at bilar med sommardekk ikkje får køyra over.

Gult farevarsel for snø

yr.no ligg det gult farevarsel for mykje snø både når det gjeld Voss og andre distrikt i Hordaland. Meteorologen meiner likevel at det meste av snøen vil koma i høglandet.

– Ja, i fjellet kan det nok koma 20-40 centimeter snø i løpet av fredag og laurdag, seier vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt i Bergen.

Mesteparten av snøen ser ut til å koma natta mellom fredag og laurdag. Det er definitivt ikkje føre for sommardekk for dei som skal kryssa fjellovergangane i løpet av helga.

Les også
Vakna til nysnø midt i mai
Les også
Snøoverbygg til 75 millionar på Bergensbanen