Slik skal Hordaland dekkja stortingsvalet

Det blir oppdatert stoff om valresultatet på nettavisa gjennom heile valdagen.

13. september er dagen for stortingsvalet 2021. Hordaland dekkjer valet på nettavisa og på sosiale media.

Det blir publisert saker frå vallokala på Voss og i distriktet, og videoar på Instagram og Snapchat.

• Hordaland reiser ut i vallokala på Voss og i distriktet.

• Hordaland deltek på valvake på Voss og i Bergen.

• Held deg oppdatert på siste nytt om valet utover kvelden.

Måndag kveld klokka 21 kjem den fyrste prognosen frå Valdirektoratet som er basert på alle førehandsstemmene som har vorte talde opp. Papiravisa kjem ut tysdag, torsdag og laurdag, som vanleg.

Les også
Slik vert valet gjennomført