I dette området (raud ring) er turfylgjet som no treng hjelp for å komma seg trygt ned att frå fjelltur.
I dette området (raud ring) er turfylgjet som no treng hjelp for å komma seg trygt ned att frå fjelltur. Foto: Kartverket.no

Slitne turgåarar fekk hjelp frå Røde Kors

Politiet og Røde Kors starta redningsaksjon for å få tre personar ned frå Skipadalsnuten.

Klokka 18.30 fredag varsla tre turgåarar til politiet om at ein vaksen person i turfylgjet var sliten på Skipadalsnuten, på grensa mellom Voss kommune og Granvin herad.

– Det er ein person i turfylgjet som er sliten, og som ikkje kjem seg vidare. Alle er uskadde, men ventar på at Røde Kors skal hjelpa dei trygt ned att, seier Stein Rune Halleraker, som er operasjonsleiar hjå Vest politidistrikt.

Like før klokka 22 fredag kveld var turgåarane framleis i fjellet, og venta på Røde Kors, ifylgje Halleraker. 

Ifylgje politiet på Twitter kom personane i kontakt med Røde Kors klokka 23.15, og er på veg ned frå fjellet.

-Turgåarar nede i god behald.

Røde Kors er med på å redda ned dei slitne turgåarane i fjellet på Voss fredag ettermiddag. Biletet er frå arkivet, og berre nytta som illustrasjon til saka.
Røde Kors er med på å redda ned dei slitne turgåarane i fjellet på Voss fredag ettermiddag. Biletet er frå arkivet, og berre nytta som illustrasjon til saka. Foto: Ingvild Siglen Berger/Arkiv

Det er mørkt i området og ifylgjeyr.no er det frisk bris og ni grader.

Røde kors er i kontakt med de saknede og i ferd med å følge dem ned.

— Vest politidistrikt (@politivest)August 9, 2019

Ikkje flyvêr i området

Personane var på ein kjent posisjon i fjellet, men det var ikkje flyvêr i området til å henta dei ned med helikopter difor kom Røde Kors gåande opp til staden.

I 20-tida var Røde Kors på veg til staden. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kan du seia noko om det er ein krevjande fjelltur, eller om korleis terrenget er?

– Det veit eg dessverre ikkje, men det er eit stykke å gå opp. Men personane er kledde for tur, så dei er ikkje i umiddelbar fare.

Aksjonen vart koordinert av Vest politidistrikt fredag ettermiddag.

1492 meter over havet

Skipadalsnuten er ein del av Raundalsryggen, ikkje så langt frå Horndalsnuten.

Toppen er 1492 meter høg.

#Voss#Skipadalsnuten: Planen er å sende frivillige mannskaper fra Røde Kors inn til de nødstedte og frakte dem ned. Aksjonen koordineres av Vest politidistrikt.

— Vest politidistrikt (@politivest)August 9, 2019