Brannvesenet rykte ut etter melding om pipebrann.
Brannvesenet rykte ut etter melding om pipebrann. Foto: NTB Scanpix/Illustrasjon

Sløkte sotbrann på Reimegrend

Brannvesenet rykte ut etter melding om pipebrann på Reimegrend.

Klokka 06.35 torsdag fekk brannvesenet melding om pipebrann på Voss.

– Det var naboen som varsla etter at han såg gneistar opp frå pipa, seier Bjørn Dolve hjå Voss brannvern.

Då brannvesenet kom fram var det nesten kaldt i omnen i bustaden på Reimegrend.

– Gjorde ein bra jobb

Det var folk i huset då sotbrannen byrja.

– Dei gjorde ein god jobb før me kom, så det var lite dramatikk og ingen røyk, opplyser Dolve.

Brannvesenet køyrde frå staden rundt 07.40 torsdag. 

Eigar har fått fyringsforbod, og vil få besøk av feiar.

Brannvesen ferdig på stedet.

— 110 Hordaland (@110Hordaland)March 14, 2019