Snøføre og glatte vegar over heile distriktet
Tysdag morgon er det is og snøføre og glatte vegar. Vegvesenet ber trafikantar vera merksame på føret.
Frå fleire plassar i distriktet kjem det meldingar om glatte vegar. Temperaturen er på mellom null og ei varmegrad.
Det har snøa ein del i løpet av natta, og snøen ligg i vegen dei fleste stadene, også langs hovudvegar.