TØMDE TOGET RASKT: - Ein spesiell situasjon, seier konduktøren om å gjennomføra togreiser i desse koronatidene. Ekstra utfordringar vart det då ras no sperrar Bergensbanen. Foto: Geir Geitle

Fyrst korona - så vart 70 passasjerar stogga av snøras på Bergensbanen

Eit ras mellom Myrdal og Hallingskeid stengjer Bergensbanen. 70 passasjerar som kom til Voss køyrer vidare mot Oslo med bussar. - Utfordrande, seier konduktøren.

Som om ikkje korona-situasjonen var nok, så møtte passasjerane på Bergensbanen sundag snøras som stogga togreisa.

– Spesiell situasjon

70 passasjerar kom med toget frå Bergen som måtte stogga på Voss stasjon.

Konduktøren opplyste til Hordaland i 12.30-tida at toget var tømt, og passasjerane frakta vidare på tre bussar - slik at det skal vera relativt god avstand inne på bussane.

Konduktøren seier til Hordaland at det er ein spesiell situasjon å gjennomføra togreisa under dei rådande forholda. Likevel skildrar ho stemninga på toget som roleg og fin.

– 70 er ikkje frykteleg mange, og passasjerane var opptekne av å halda god avstand til kvarandre. Og me merkar at dei reisande er opptekne av å fylgja opp smittevernreglane, seier ho.

STOGGA PÅ VOSS: Toget med 70 passasjerar vart stogga på Voss, grunna ras mellom Myrdal og Hallingskeid. Foto: Geir Geitle

Som Vy alt har informert om, er det ingen direkte kontakt mellom reisande og konduktør med tanke på billettkontroll.

Roleg og fin stemning

– Korleis reagerte passasjerane då dei fekk vita at banen var stengd?

– Dei reisande har opptredd roleg. Folk skjønar at dette er noko som skjer utanfor vår kontroll. Det er ikkje kjekt, men det heile gjekk roleg for seg.

Konduktøren, som ikkje ynskjer å ha namnet i avisa, seier at det er litt spesielt å vera på jobb no. Ingen av dei Vy-tilsette har opplevd noko liknande, meiner ho.

– Men toga må gå, poengterer konduktøren som legg til at lokaltoga mellom Voss og Bergen framleis vil gå som normalt.

Artikkelen held fram under annonsen.

INNSTILTE TOG. Toga på Bergensbanen er innstilte, men lokaltoga mellom Voss og Bergen går framleis. Foto: Geir Geitle