STENGD: Politiet fekk melding om raset kl. 20.13. Foto: Lars Olve Hesjedal

Snøras stengjer fylkesveg

Fylkesveg 5623 i Aurland er stengd mellom Gudvangen og Bakka på grunn av snøras.

Politiet fekk melding om raset klokka 21.03 fredag.

– Ikkje noko som tyder på at bil eller personar er tekne av raset. Det er om lag 20 meter breitt og 2–3 meter høgt, ifylgje Vest politidistrikt, som opplyser vidare at entreprenør har stengd vegen.

Inspeksjon laurdag

– Det vert gjort oppryddning og inspeksjon på staden laurdag, opplyser politiet.

Også sist sundag vart fylkesvegen stengd grunna snøskred.