Avisa Hordaland

Nyhende

Soga om Peter Bonde

Soga om Peter Bonde

Han er mannen bak hjorten i kommunevåpenet, truleg bygde han Finnesloftet, og kanskje var han med i plan­legginga av Vangskyrkja.

annonse

Peter Bonde er den fyrste mannen ein kjenner namnet til på Finne.

For ikkje så lenge sidan fekk han ein veg kalla opp etter seg.

Peter Bondes veg går frå like etter rundkøyringa utanfor Vangstunnelen og forbi Vandrarheimen.

Ørjan Brattetveit - PETER BONDES VEG Fleire hundre år etter sin død har Peter Bonde fått ein veg oppkalla etter seg.

Peter Bondes veg: Fleire hundre år etter sin død har Peter Bonde fått ein veg oppkalla etter seg.Foto: Ørjan Brattetveit

Skriftlege kjelder

Ingen veit når Peter Bonde vart fødd eller når han døydde.

– Han dukkar opp i tre skriftlege kjelder. Fyrste gongen er i 1303 i eit brev i dokumentsamlinga Diplomatarium Norvegicum, der han er med som vitne i ei stor eigedomssak om jord på Byrkjo og på Tøn. I den norrøne brevteksten vert han nemnd som «Peter Bonde a Finnini», seier Knut K. Finne og syner rundt i Finnesloftet.

– Då er han ein vaksen mann, men det er ikkje mogleg å seia kor gammal. Den gongen vart ein rekna som vaksen som 14-åring. Av andre doku­ment kjem det fram at han må vera død kring 1320. Han kan difor vera fødd så tidleg som 1240 eller så seint som 1280.

– Det er truleg Peter Bonde som har bygt Finnesloftet, seier Finne. Loftet er sett opp i 1295 eller kort tid etter. Frå Bergen Kalvskinn, som er eit register over kyrkja sine eigedomar på 1300-talet, går det fram at sønene til Peter Bonde må gjera opp ei stor skuld etter far sin. Dette er svært interessant informasjon. Peter har altså på eitt eller anna tidspunkt opparbeidd seg stor gjeld til kyrkja, seier Finne.

annonse

Kyrkjeverje

Og for å utdjupa dette, hentar Knut K. Finne fram den tredje skriftlege kjelda: Gert Miltzow si kyrkjesoge for Voss og Hardanger, skrive på 1600-talet.

– Det er Miltzow som kjem med opplysninga om at Peter Bonde var kyrkjeverje på Voss og forvaltar av kyrkjegodset. Frå setegarden på Finne har han styrt med sitt eige gods rundt om på bygda, i Hardanger og Sunnhordland, og teke inn leigeinntekter frå dei som dreiv jorda. I tillegg har han så forvalta kyrkjegodset på same måte i ein periode – så han har hatt mykje å gjera, og han har hatt tilgang til omfattande midlar, seier Finne og held fram:

– Når ein slår saman opplysningar frå tre forskjellige kjelder, er det mykje som tyder på at Peter Bonde bygde Finnesloftet, og han har utvilsamt hatt trong for pengar til dette. Finnesloftet var eit påkosta bygg. Det står ingen stader korleis bygget vart finansiert, men det er mykje truleg at pengar er lånt mot pant i eigedom.

– Det spesielle med Finnesloftet er at det har ein hall. Finnesloftet er einaste mellomalderhallen i tre som står att i landet. Her fekk eigaren vist fram velstand og status. Hallen vart brukt til mottakingar, høgtider i slekta, her vart det halde forretningsmøte og hallen kan også ha vorte utleigd.

Knut K. Finne seier at det er ikkje utenkjeleg at Peter Bonde også var med i planarbeidet for bygginga av Vangskyrkja, som stod ferdig i 1277.

– Ein veit ikkje kor gammal Peter var då han døydde. Han kan ha vore ein gammal mann på 80 år og dermed fødd ca 1240, og dermed ha alderen til å vera med på arbeidet med Vangskyrkja. At han var kyrkjeverje, tilseier i alle fall at han hadde nære band til kyrkja og til bispen i Bjørgvin, seier Finne.

Seglmerket

– Den gongen hadde Bonde ei litt anna tyding enn i dag. Det viste til at ein var jordeigar, om lag som det engelske Landlord, seier Knut K. Finne.

Korleis Peter Bonde kom til Finne er uklart.

– Han kan vera fødd her, men han kan også ha vorte gift til garden. Me veit ikkje kven han var gift med. Men me kjenner namna på dei to sønene som arva gjelda, Orm og Gudbrand. Han har truleg også hatt ei eller fleire døtrer, utan at me i dag kjenner namna. Som jordeigar og eigedomsforvaltar på Voss, hadde mannen sitt eige segl. Dette var ein oppreist hjort, seinare brukt i kommune­våpenet på Voss.

– Han nytta seglet som ei stadfesting av det han vitna eller uttala i saker der utsegnene vart skrivne ned. Seglmerket vart då eit prov på at utsegnene var autentiske og ikkje forfalska, og det gjorde innhaldet i brevet juridisk bindande. Frå slutten av 1200-talet vart det vanleg å skriva ned innhaldet i viktige saker, til dømes saker som gjaldt kjøp og sal av eigedom.

Knut K. Finne har ikkje noko slektsskåp tilbake til Peter Bonde.

– Det er ingen kjende ætlingar etter Peter Bonde. Slekta hans på Finne døyr ut i mannedauden i 1370, dvs. i ei ny pestbylgje berre 21 år etter at svartedauden herja. Dette opna for at personar med utspring i den gamle Rogne-ætta på Voss kunne overta styringa med Finnegodset dei neste 200 åra. Verd å nemna er Åsa Håvardsdotter, eit ualminneleg forretningstalent frå Rogne, som målretta og med store ambisjonar styrte godset åleine frå 1389 til 1410, og auka det kanskje meir enn nokon annan.

Privat - HJORT Kommunevåpenet til Voss kommune har henta hjorten frå seglmerket til Peter Bonde.

Hjort: Kommunevåpenet til Voss kommune har henta hjorten frå seglmerket til Peter Bonde.Foto: Privat