Jens Olav Holven registrerer at Sp ser ut til å vera valvinnaren i Ulvik.
Jens Olav Holven registrerer at Sp ser ut til å vera valvinnaren i Ulvik.

Sp valvinnar i Ulvik

Dei førebels tala viser at Senterpartiet har gått markert fram, og vorte største partiet i Ulvik.

Då grovteljinga var gjort til klokka 21, hadde Senterpartiet fått 197 røyster. Ap hadde 177 røyster, Venstre 87, Høgre 83 og SV 75.

Jens Olav Holven, listetoppen for Sp, var på utsida nokså roleg sjølv med dette resultatet.

– Det spørst kva som skjer i morgon, når dei 28 resterande røystene skal teljast. Men det ser ut som om me kan få eit framhald med fire nye år saman med oss, seier Holven. Sp har hatt varaordføraren, Ap ordføraren og Høgre har også vore ein del av «regjeringa» i Ulvik.

Klar for diskusjonar

– Det må verta diskusjonar oss tre imellom om fordeling av posisjonar, seier han.

Det gode resultatet kjem takka vera drahjelp frå den nasjonale valvinden med Trygve Slagsvold Vedum i spissen, men lokalt har dei også jobba godt, meiner Jens Olav Holven.

Hans Petter Thorbjørnsen trur han får halda fram, sjølv om Sp passerte dei i listerøyster.
Hans Petter Thorbjørnsen trur han får halda fram, sjølv om Sp passerte dei i listerøyster.
Håkon Gjerde (V), Guro Ljone (SV) og Hans Petter Thorbjørnsen (Ap) oppsummerer valdagen.
Håkon Gjerde (V), Guro Ljone (SV) og Hans Petter Thorbjørnsen (Ap) oppsummerer valdagen.

– Det er grasrota i Sp spesielt å takka, seier han.

Hans Petter Thorbjørnsen (Ap) seier han trur han held fram som ordførar, seier han.

– Me må sjå på tala når alt er klart. Enno veit me ikkje mandatfordelinga, og så skal det finreknast med slengjarar og så vidare.

Godt valframmøte

Før valstyret går kvar til sine valvaker kjem dei med sin spådom om mandatfordelinga, der SV, Høgre og Venstre kvar kan få to mandat, – og Sp og Ap kan vera sikra fem kvar. Då står det att å plassera det siste mandatet, som kan gå til Sp, eller til Venstre, alt etter kva finteljinga, tippar dei.

I Ulvik kunne dei elles seia seg godt nøgde med frammøtet, der 76,8 prosent av veljarane stemte. I tal utgjer det 662, av i alt 862 røysteføre.