I perioden 1. januar til 30. april registrerte NSB 309.350 passasjerar mellom Bergen–Voss–Myrdal. Her frå Myrdal stasjon.
I perioden 1. januar til 30. april registrerte NSB 309.350 passasjerar mellom Bergen–Voss–Myrdal. Her frå Myrdal stasjon. Foto: Geir Geitle/Arkiv

Stadig fleire reiser med Vossebanen

Vossebanen mellom Bergen–Voss–Myrdal hadde åtte prosent fleire reisande fyrste delen av 2018, samanlikna med same perioden året før.

Det er nye oversikter frå NSB som viser dette.

I fyrste tertial, det vil seia i perioden 1. januar til 30. april, registrerte NSB 309.350 passasjerar mellom Bergen–Voss–Myrdal.

7,5 prosent fleire reisande

Regiontoga på Bergensbanen mellom Oslo og Bergen hadde 7,5 prosent fleire reisande fyrste tertial 2018, samanlikna med 2017.

Totalt er det registrert 350.990 passasjerar mellom Oslo og Bergen i perioden.

Vekst på landsbasis

Også på landsbasis veks trafikken med toga, men litt mindre enn i vårt distrikt.

Etter å ha talt opp dei fire fyrste månadene i året, viser tala at NSB Persontog i Noreg totalt har 6,8 prosent fleire reisande enn på same tid i fjor.