PLAN OM GJENOPNING: Onsdag vil statsminister Erna Solberg leggja fram sin plan for gjenopninga av samfunnet. Bilete er frå arkivet. Foto: Stine Strand Carlsen

Statsministeren vil leggja fram gjenopningsplan onsdag

Solberg kjem fyrst til å leggja fram planen for gjenopninga av Noreg for Stortinget klokka 10, før ho vil orientera resten av folket i ein pressekonferanse seinare på dagen.

Planen vert ikkje påverka av at helseminister Bent Høie (H) sundag varsla at dei nasjonale tiltaka vert forlenga med to dagar, til 14. april, skriv VG.

Gjenopningsplanen skulle i utgangspunktet leggjast fram før påske, men grunna aukande smittetal fleire stader i landet, vart den utsett. No finn presentasjonen altså stad onsdag.

Les også
Over 400 dosar i neste veke i Voss herad – her er status på vaksineringa i kommunane