Det har komme steinar ned i vegbana på E16, men vegen skal no vera rydda.
Det har komme steinar ned i vegbana på E16, men vegen skal no vera rydda. Foto: Marita Saue Hamre

Stein på 500 kg i vegbana på E16

Fredag morgon hamna fleire steinar i vegbana og i grøfta på E16.

Fredag morgon melde Vegtrafikken vest at det låg steinar i vegen på E16, vest for Knoltatunnelen i Voss kommune. 

Klokka 07.15 fortel vakthavande hjå Vegtrafikksentralen vest at entreprenør har vore der, og vegen skal vera rydda.

– Det meste av raset skal ha landa i grøfta utanfor vegbana, men det kom ein stein på 500 kg i vegen. Det må ha vore nærast som ein utgliding, fortel vakthavande hjå Vegtrafikksentralen vest.

Vegen er rydda

Førarar vart oppmoda om å køyra forsiktig då steinane låg i vegbana.

Knoltatunnelen ligg på E16 mellom Bulken og Evanger.

E 16 vest for Knoltatunnelen i Voss kommune er det kommet ned steiner i vegbanen. Kjør forsiktig, entreprenør er på vei for å fjerne steinene.

— Vegtrafikksent. vest (@VTSvest)July 5, 2019