SPERRAR VEGEN: Denne steinen rasa ut og sperrar fylkesvegen på Nesheimsfjellet. Foto: Solfrid Urke Nese

Steinblokk rasa ut og sperrar fylkesveg

Strekninga Nesheimsfjellet til Brekkhus i Voss herad er stengd på grunn av stein i vegen.

Fredag morgon rasa det ut ei stor steinblokk på fylkesveg 5410 over Nesheimsfjellet.

– Ein geolog er på staden for å undersøkja om det kan koma ned fleire steinar, eller om det er trygt at oppryddingsarbeidet startar, seier John Andreas Omdal hjå Vegtrafikksentralen vest.

Like etter klokka 12 kom meldinga på Twitter om at vegen vert venta opna klokka 15.00 fredag.

– Entreprenør er på veg med maskiner for å rydda området.

Fekk melding tidleg fredag

Den fyrste meldinga om steinen i vegen vart registrert hjå trafikksentralen klokka 05.48 fredag morgon.

– Det var truleg den fyrste bilen som kom til staden, for føraren melde om at han ikkje kom vidare forbi steinen, fortel Omdal til Hordaland.