MELDT OM STEIN: Politiet har fått melding om steinar i vegbana her. Men ifylgje trafikkoperatøren går trafikken fint forbi. Foto: Statens vegvesen/Webkamera

Steinar i vegbana på E16 ved Vinje

Vegtrafikksentralen melder om steinar i vegbana på E16 ved Vinje.

På E16 ved Fredheim, rundt ein kilometer sør for Vinje, er det meldt om steinar i vegbana.

– Det er politiet som har fått melding om dette. Me har ikkje blitt varsla av nokon bilistar. Eg ser på webkamera på staden at trafikken flyt fint forbi i begge retningar, seier trafikkoperatør Tom Erik Englaugstad hjå Statens vegvesen.

Entreprenør er på veg til staden for å sjekka.

– Det kan vera at det er mindre steinar enn fyrst varsla, men entreprenør er på veg.

Vegtrafikksentralen vest melder dette på Twitter fredag klokka 15.04.