Steinras stengjer fv. 550 ved Trones i Ullensvang

Like før klokka 18.30 måndag gjekk eit steinras over fylkesveg 550 ved Trones, mellom Utne og Grimo i Hardanger.

– Det er store steinar som har ramla ned i vegen. Det er ikkje noko som tyder på at nokon er tatt av raset, melde Vest politidistrikt på Twitter klokka 19.00.

Vegen er stengt, og vert tidlegast opna onsdag klokka 10.00.

Ifylgje NRK Hordaland opplyser Statens vegvesen at det skal ha ramla ned fleire tonn med stein. Dei skriv vidare at ein geolog skal vurdera rasstaden i morgon, tysdag.

– Nokre av steinane er så store at det truleg må sprengast eller borast. Det er for tidleg å seia noko om når vegen vil opna. Me tar ei ny vurdering i morgon, sa trafikkoperatør Morten Hansen til NRK tysdag kveld.

Omkøyring er via Utne-Jondal-Odda.

Ullensvang-ordførar Solfrid Borge seier til NRK at heradet jobbar med å få sett inn skyssbåt mellom Utne og Grimo etter raset.

Fv 550#Trones mellom Utne og Odda. Stengt pga steinras. Ny vurdering Onsdag 25.april kl 10:00.

— Vegtrafikksent. vest (@VTSvest)April 23, 2018

Ullensvang, FV 550: Jord og steinras. Redningsmannskap fremme på stedet. Ingen ting som tyder på at noen er skredtatt. Store steiner i vegbanen. Vegen helt stengt.

— Vest politidistrikt (@politivest)April 23, 2018

Artikkelen held fram under annonsen.

Grimo stasjon fremme og melder om stein, jord og trær i raset, vegen er heilt stengt, undersøker videre.

— 110 Hordaland (@110Hordaland)April 23, 2018