VEGEN ER STENGD: På grunn av eit steinras er gamlevegen ved Lussandberget stengd. Foto: Tipsar

Steinras ved Lussandberget

Måndag ettermiddag blei det meldt om eit steinras ved Lussandberget.

Gamlevegen på Lussand er stengd grunna raset, men hovudvegen som går gjennom Bjørgatunellen er open for trafikk.

Tom Erik Englaugstad ved Vegtrafikksentralen Vest seier til Hordaland at entreprenøren har varsla vegvesenet og at geolog er bestilt.

– Fjellsida må bli reinska då det er fare for at eit nytt steinras kan førekoma, opplyser Englaugstad.

Det er ikkje sikkert at vegen opnar denne veka, legg han til.

Les også
Kollisjon i kryss på Tvildemoen: Ein person til sjukehus
Les også
Kanoulukke i Raundalselva var falsk alarm