RAS: Fv 569 er stengd etter eit steinras ved Eikjetotunnelen. Foto: Skjermdump

Steinras ved tunell stengde fylkesveg

Eit steinras over Fv 569 ved Eidslandet stengde vegen i kring ein time

Like før klokka 14 kom meldinga om at det hadde gått eit steinras ved Eikjetotunnelen på Fv 569 ved Eidslandet.

Rasområdet vart undersøkt, og rydda av entreprenør. Ingen personar eller køyretøy var i nærleiken då raset gjekk.

Vegen opna att kring klokka 14:45, melder Vegtrafikksentralen Vest på Twitter.

Les også
Politiet måtte dempa bråkete fest og fjerna ubedne gjester på hytte