Den velta semitraileren skal fjernast onsdag kveld.
Den velta semitraileren skal fjernast onsdag kveld. Foto: Sigrid Seim

Stengjer E16 for bilberging

Etter velten på E16 ved Saue onsdag morgon er det opna for trafikk i eitt felt.

Trafikken vert dirigert forbi staden der traileren velta, i eitt felt. Dette vil vara til klokka 19 i kveld, opplyser politiet.

Klokka 19 vert det sett i gang bilberging, og E16 vil då verta heilt stengt. Arbeidet er planlagt å ta opp til halvannan time, får Hordaland opplyst.