ØVING: Biletet er frå ei tidlegare øving av same type som skjer sundag 15. desember. Foto: Silje Drevdal/Statens vegvesen

Stengjer E16 på grunn av brannøving

Sundag 15. desember vert E16 stengd i tre timar på grunn av øving i tunell.

Statens vegvesen melder om stenging frå klokka 07.00 til klokka 10.00 i Lærdalstunnelen sundag.

– Brannøvingar i tunellane våre er ein viktig del av beredskapen, fortel Christopher Ebbang, brannvernleiar i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Jamlege øvingar er eit krav i tunneltryggleiksforskrifta, og bidreg både til å få testa utstyr, lært opp menneske og identifisert moglege utfordringar.

MYKJE RØYK: – At me øver saman er viktig for å sikra god kommunikasjon og effektivt samarbeid mellom dei ulike etatane, seier Vegvesenet. Foto: Silje Drevdal/Statens vegvesen

Sikra god kommunikasjon

Det er Statens vegvesen som arrangerer øvinga.

Redningsmannskap frå Aurland og Lærdal deltek, saman med Vegtrafikksentralen og Mesta, som har kontrakt på drift og vedlikehald av tunellen.

– At me øver saman er viktig for å sikra god kommunikasjon og effektivt samarbeid mellom dei ulike etatane, seier Ebbang.

Tek med seg erfaringane

Han legg til at dei involverte etatane alltid evaluerer øvingar i etterkant.

Slik kan dei merka seg moglege problem, og eventuelt gjera noko med desse.

– Erfaringane me haustar frå denne typen øvingar er eit ledd i å vidareutvikla beredskapen.