STENGT: Vikafjellet vart stengt på grunn av rasfare. Biletet er frå arkivet. Foto: Ingerid Jordal

Stengjer Vikafjellet på grunn av rasfare

Riksveg 13 over Vikafjellet er stengd på grunn av fare for ras.

Onsdag føremiddag melder Vegtrafikksentralen vest om stenginga på Twitter.

Trafikkmeldinga gjeld frå klokka 14.30 og inntil vidare.

– Det vert gjort ei ny vurdering torsdag klokka 13, melder trafikksentralen.

Ifylgje vêrmeldinga i området er det 0 grader, snø og 10 m/s.

Les også
Leitte etter hundekøyrar på Hardangervidda
Les også
Meteorologane lovar litt sol i påsken