VIKAFJELLET: Her eit bilete av snømengdene ein no har i Vossadalen. Foto: vegvesen.no

Laurdag morgon skal ein vurdera å opna Vikafjellet

Riksveg 13 over Vikafjellet vart stengt klokka 17.00 i dag.

Det er Statens vegvesen som opplyser dette, via ei melding på Twitter.

Stenginga skjer på grunn av venta rasfare utover fredag ettermiddag og kveld.

– Det vert ny vurdering av situasjonen klokka 08.00 i morgon, heiter det vidare i Statens vegvesen si korte melding.