E16: Gudvangatunnelen Foto: Kjell Wold

Stengt att i Gudvangatunellen

Gudvangatunellen på E16 er stengt på grunn av eit røyr som ligg i vegbanen, melder Statens vegvesen i 19.30-tida.

Tidlegare i dag var både Gudvangatunellen og Flenjatunellen på E 16 stengd ei tid.

Årsaka var eit vogntog som hadde køyrt tom for diesel, inne i Flenjatunellen.

Gudvangatunellen vart stengd for å unngå at trafikk hopa seg opp inne i tunellen. Etter at vogntoget vart køyrd ut kunne begge tunellane opnast att, melde Vegtrafikksentralen.