OVER VIKAFJELLET: Slik ser det ut måndag morgon på riksveg 13 over Vikafjellet. Foto: vegvesen.no

Uvêr og snøras stengjer vegen over Vikafjellet, men no er oppryddinga i gang

Riksveg 13 over Vikafjellet er framleis stengd grunna uvêr og snøras.

Det vert gjort ei ny vurdering måndag klokka 16.00.

Dette melder Statens vegvesen på Twitter.

Opprinneleg skulle vurderinga om opninga gjerast klokka 12.00, men det har teke lengre tid enn planlagt å koma i gang med oppryddinga.

Kolonnekøyring fleire stader

Det har vore uvêr på fleire av fjellovergangane i Sør-Noreg i helga.

Måndag morgon melder Vegvesenet at det er opna over dei fleste fjellovergangane, men at det kan bli innført kolonnekøyring på kort varsel over Hemsedalsfjellet på riksveg 52.

Hald deg oppdatert på trafikkmeldingane for fjellovergangane i Sør-Noreg her.