annonse

Stølstrim og bygdatrim for alle

KLIPPEKORT
KLIPPEKORT: Tuva Vestrheim klipper merkje i stølskortet på stølen Vatnaset i Granvin sommaren 2015. Reidun Tveito ventar på tur. (Foto: Geir Geitle / arkiv)

Treng du ekstra påskot for å ta ein fjelltur? Gå på stølstur med rettleiing frå det lokale turlaget då vel!

Sigrid Seim

Eit raskt overslag viser at det er tilrettelagt trimtilbod med turar til i alt 45 stølar i Voss, Granvin og Ulvik denne sommaren. I tillegg har Ulvik og Granvin lågterskeltilbod med 14 turmål i postkassetrim i meir sentrums­nære strok.

Brosjyre

Voss utferdslag sel også dette året brosjyre med turskildringar, til i alt 15 stølar. I år er det mogeleg å gå til Aldalen og Kiellandsbu, til Liaset­ eller Skjedikane, – mellom anna. Brosjyrane er til sals på sports­butikkar, turistinformasjonen og nokre andre butikkar.

12 stølar

I Granvin er det lagt til rette for stølstrim med 12 stølar. Dei strekkjer seg frå Steindro, som faktisk ligg i Voss, i nord, og til Håstadbøstølen i sør. Her må ein skaffa seg turkort som er til sals, og finna rettleiinga på nettsida til Granvin turlag. I samarbeid med det lokale helselaget er det også kome på plass fire postkasser med bøker å skriva seg inn i, spreidd i området Eide-Kjerland.

Også sentrumsnære turar

Travlast kan det verta for dei som vil nå over alle turane som Ulvik turlag har førebudd. Dei sel kort som legg til rette for 18 turar til stølar­ ulike stader i heradet. Og for dei som ikkje kan gå så langt, er det ikkje mindre enn ti ulike postkasser i meir sentrums­nære område, som kan verta turmål denne sommaren. Bak dette tilbodet står Ulvik helselag.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse