RAS: Steinane er store og skal knusast. I tillegg skal det inn geolog, då ein ikkje ser området det har rasa frå. Foto: Sigve Dyvik

Veg var stengd i sju og ein halv time

Fylkesveg 569 mot Stamnes vart opna klokka 12.45, etter å ha vore stengd sidan klokka 05.15 på grunn av steinras.

Det var fastbuande som melde frå om raset, og klokka 06.30 var Presis Vegdrift på plass for å knusa dei store store steinblokkene hadde falle ut i vegen.

Geolog vart kalla inn for å sjekka rasfare. Opphavleg vart det sagt at vegen ville opna for for fri ferdsel fyrst mellom klokka 1600 og 1700.

I dei sju og ein halv timane vegen var stengd, var det to omkøyringsmogleigheiter. Begge var store omvegar: Anten via Nesheimsfjellet mot Evanger, eller om Modalen mot Bergen.

RASSTADEN: Steinraset gjekk ved Straume. Omkøyringsmoglegheitene frå Stamnes er anten via Nesheimsfjellet eller Romarheim - altså store omvegar.