STORE TAP: Myrksdalen Fjellandsby reknar tapt inntekt i mars og apri til 30 millionar for hotell og heis åleine.

Stor uro i næringslivet på Voss

Heile 40 prosent av bedriftene har permittert alle tilsette, viser ei undersøking Næringshagen på Voss og Voss herad har gjennomført denne veka.

Betalingsvanskar, moglege konkursar og uro for livsverka sine, er andre funn, heiter det i ei pressemelding som Næringshagen på Voss sende ut torsdag kveld.

Pressemeldinga:

Undersøkinga, der 81 verksemder har svart, vart gjennomført 25. og 26. mars. Svara gjev stor grunn til uro. 30 prosent seier dei har betalingsvanskar no, og over 50 prosent meinar det vil verta mykje vanskelegare med likviditet om ein månad. Om lag 25 prosent meiner det er meir enn 50 prosent sjanse for at bedrifta går konkurs før sommaren.

NÆRINGSHAGEN: Hanne Hedenstad er daglig leiar i Næringshagen på Voss. Foto: Rolf Tepstad

– Dette er svært dramatiske tal, seier dagleg leiar i Næringshagen på Voss, Hanne Hedenstad.

– Tilbakemeldingane frå bedriftene viser at dei ynskjer å få på plass tiltak som verkar no, ikkje over tid. Kraftige bidrag til lokalt næringsliv no er ei god investering for framtida. For framtida kjem, og den skal me på Voss gjera lys igjen - saman. Trass i utfordringane verksemdene står i, ser me ei utruleg omstillingsevne i næringslivet. Og eit utruleg engasjement for kva ein faktisk kan gjera noko med i ein slik spesiell situasjon, ikkje det ein ikkje rår over.

Heile 75 prosent er middels eller lite nøygd med dei tiltaka som har kome frå Stortinget så langt. Det kjem og fram at ein stor del meiner Voss herad må redusera eller avstå frå kommunale avgifter, setja i gang nye prosjekt og nytta lokale leverandørar til alle innkjøp for å støtta eit hardt råka næringsliv.

ORDFØRAR: Hans-Erik Ringkjøb. Foto: Helge Søfteland

– Svara me har fått til no viser på alle vis kor utfordrande situasjonen er, seier ordførar Hans-Erik Ringkjøb.

– Me har særs mange permitterte, me har sv'rt mange som slit med likviditeten og over halvparten rapporterer at det blir langt verre om me ser ein månad fram. Dette er svært viktig å få formidla vidare, slik at det kan verta gjort gode nasjonale grep.

Voss og andre reiselivskommunar vert særleg hardt råka, held ordføraren fram.

– Og me kjem til å vera råka i lang tid. Det tilseier og at me må sjå for oss tiltak både på kort og lang sikt. Resultata frå denne undersøkinga og anna informasjonsinnhenting skal me bruka i arbeidet med å prøva å få på plass tiltak som kan hjelpa næringslivet. Det er viktig med opne kanalar no, slik at vår bodskap ut vert mest mogleg målretta og at me sikrar at heile spekteret av næringslivet vert tatt med, avsluttar han.

Artikkelen held fram under annonsen.

DESTINASJON VOSS: Mona Hellesnes er dagleg leiar i Destinasjon Voss. Foto: Bjørn Sandnes

Dagleg leiar i Destinasjon Voss, Mona H. Hellesnes, er svært bekymra for situasjonen.

– Reiselivet står for ein stor del av omsetnaden i alle næringane på Voss. Eit nøkternt anslag berre frå turistar utgjer nær 500 millionar per år. I tillegg kjem den indirekte omsetnaden i andre næringar, redusert kjøpekraft lokalt med høg arbeidsløyse, tapte skatteinntekter til heradet, for å nemna noko. Kraftige bidrag til lokalt næringsliv no, er ei god investering for framtida.

MYRKDALEN: Kaia Finne er dagleg leiar i Myrkdalen Fjellandsby. Foto: Stine Strand Carlsen

Kaia Finne i Myrkdalen Fjellandsby understrekar alvoret for reiselivet.

– Me har fått pålegg om å stengja midt i den travlaste sesongen. Dette set alpinbransjen i ei særstilling. Stenging hjå oss får fylgjeeffekt for heile destinasjonen – og ein ser tydeleg at skinæringa er motoren i mange destinasjonar. Snøen som er vårt gull, kjem ikkje att før neste år, seier ho.

Som mange andre meiner ho at dei tiltaka som har kome til no har liten effekt. At lønspliktige dagar går ned frå femten til to dagar hjelper lite når det gjeld frå 20. mars. Det same gjeld endringa i meirverdisatsen som ikkje får tilbakeverkande kraft.

– Myrkdalen Fjellandsby AS med dotterselskap har permittert 161 personar. Det er fem personar att i selskapet som jobbar knallhardt for å løysa dagens situasjon , og som samtidig har fullt fokus på framtida. Me gjer alt me kan for å koma tilbake straks me får løyve til det og jobbar alt no med sommar, haust og neste vinter.

I tillegg er alle tilsette permittert hjå sportsbutikk, skiutleige, skiskule og andre selskap knytt til destinasjonen. Talet er langt over 200 i ei lita vestlandsbygd. Inntil vidare er det stengt til 13. april. Tapt inntekt i mars og april er rekna til 30 millionar for hotell og heis åleine. Det er og full stopp på eigedomssal.

– Likviditetsmessig er det svært alvorleg då me i denne perioden også må refundera bookingar til våre kundar. Me har store forventningar til krisepakka i morgon, og forventar at alpinbransjen kjem styrka ut. Me håpar sjølvsagt og at det kan bli meir skikøyring i år, då det er mykje snø i fjellet»

Men optimismen er der trass i at det no ser mørkt ut.

– Myrkdalen kjem sterkt tilbake! Me er i full sving! Det er berre å følga med på sidene våre framover – då får du vita meir om kva du kan gleda deg til når situasjonen har roa seg», avsluttar Kaia Finne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ny pressekonferanse med regjeringa er varsla fredag klokka 12.00.