Hotellet på Store Ringheim er fullbooka store delar av året. No vil Jorunn og Svein Ringheim utvida, og satsar på ni nye rom.
Hotellet på Store Ringheim er fullbooka store delar av året. No vil Jorunn og Svein Ringheim utvida, og satsar på ni nye rom.

Store Ringheim utvidar hotellet

Svein og Jorunn Ringheim må seia nei til så altfor mange. Difor byggjer dei ni nye rom.

- Det er eit godt teikn at me må avslå folk, men det er veldig dumt å seia nei heile tida, seier Jorunn Ringheim.

Saman med Svein Ringheim driv ho Store Ringheim hotell og restaurant. På noverande tidspunkt har dei seks hotellrom, og no ventar dei berre på byggjeløyve frå kommunen for å få ni nye rom på plass. Går alt i orden, er romma klare frå oktober.

AUKA KVART ÅR. Det er fem år sidan dei opna restauranten på Ringheim, og for tre år sidan starta dei hotellet. Sidan starten har det vore populært å overnatta hjå Svein og Jorunn.

- Fyrste sommaren fylte det seg godt opp, og sidan har det auka og auka. I år har me rekord, fortel Svein og smiler.

- Ein vert meir sårbar når ein har så få rom, men førebels har det gått veldig bra med oss. Me ser behovet for kvalitets­rom på Voss, seier Jorunn.

Det er fem år sidan Svein og Jorunn Ringheim starta restauranten, og sidan den gongen har det gått godt. - Det berre aukar og aukar med gjester. Me var trygge då me satsa på dette, og no vil me halda fram utviklinga, fortel ekteparet.

Jorunn kan fortelja at fleire gjester er heilt forlegne når dei kjem til frukost, fordi dei rett og slett har sove så lenge og så godt. Knut Erik (f.v.), Torill, Ella Sofie og Trygve har hatt ei svært god oppleving på Store Ringheim. - Det aller kulaste var senga! No skal eg få ei lik seng heime, seier Ella Sofie og smiler.

- Det er klart det er skummelt å satsa. Det er eit stort ansvar og folk har store forventingar. Me må innfri, men me veit kva me driv med, legg Svein til.

Men sjølv om dei skal utvida, forsikrar dei om at dei skal halda på den intime stilen.

- Me skal berre verta litt større, men me skal framleis oppretthalda kvaliteten i alle ledd, seier Jorunn.

- KJÆRLEIK TIL Å TA OG FØLA PÅ. Ho og Svein har vore særleg opptekne av å gje gjestene ei personleg oppleving.

- Me vil vera «ein heim på ferie». For meg er det viktig at alt er gjort med kjærleik, og det skal synast og følast. Me er opptekne av å sjå folk, og det verkar det som om gjestene set pris på. Folk gjev tilbakemeldingar om at dei får ein indre fred her, og at me har det gjennomført og harmonisk, fortel Jorunn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prisen på eit hotellrom er liknande dei andre vossahotella, men Store Ringheim er mindre og meir intimt.

- HEIMEKOSELEG OG KULE SENGER. Gjestene strøymer frå alle kantar til Ringheim, og Storbritannia, USA, Kina og Tyskland er særleg godt representert. Men størsteparten av gjestene er likevel dei norske. Torill Tømmervåg og Trygve, Ella Sofie og Knut Erik Kamsvåg er ein av dei mange norske familiane som søv hjå Jorunn og Svein.

- Vanlegvis søv me på dei store hotella, men så dukka Store Ringheim opp då me søkte på nettet. Me har hatt ei veldig positiv oppleving her, seier Trygve.

- Det er skikkeleg heimekoseleg og fint. Og maten var veldig god og spennande, meiner Torill.

Ungane er også nøgde med overnattingsstaden.

- Sengene var kjempekule og skikkeleg gode å sova i. No skal eg sjå om eg kan laga ei lik seng heime, seier Ella Sofie.

- Og så var det litt fint at det var rolegare­ og mindre folk her enn på vanlege hotell. Men så lenge det er WiFi, så er eg eigentleg nøgd, seier Knut Erik og ler.