RAS: – Dette raset var stort, så eg filma det. Det er jo spetakulært, seier fotografen. Foto: Stine Larsen Ramsøy

Stort ras like ved E16

Stine Larsen Ramsøy filma eit stort ras i Gudvangen i dag.

– Det var ikkje fare på ferde for oss. Raset gjekk på ein stad det ikkje bur folk. Me kjende oss heilt trygge , seier Stine Larsen Ramsøy som var saman med mor si Siri Larsen Ramsøy.

Stine vart merksam på buldringa oppe i fjellsida, og rakk å filma snøskredet som kom buldrande ned fjellsida.

– Dette raset var stort, så eg filma det. Det er jo spetakulært. Men me er vane med slikt her i Gudvangen, det skjer kvart år, seier Larsen Ramsøy.

I skrivande stund har videoen fått over 16.000 visningar på Facebook, der Larsen Ramsøy fyrst publiserte videoen.

Ekstrem snøskredfare i området

Ho fortel det var Kjerrskreda som gjekk i 12-tida tysdag.

Dette er ei av tre faste skreder som går.

Det er meldt ekstrem snøskredfare, på raudt farenivå i store deler av området.