Fryktar villsmitte i Hardanger: – Utbrotet har eskalert
10 nye smittetilfelle er registerte i Kvam tysdag. Desse kjem i tillegg til 13 som har vorte registert smitta sidan førre onsdag, skriv Hordaland Folkeblad.
– Utbrotet i Kvam herad har eskalert, og me er bekymra for at det kan vera villsmitte i samfunnet, seier Kvam-ordførar Torgeir Næss til VG.
Dermed er Voss sin nabokommune i Hardanger hardt råka.
Dette gjer at Kvam herad strammar skikkeleg til i smittevernet. Etter eit møte i den kommunale kriseleiinga måndag, vart det bestemt at Kvam innfører strengare reglar enn dei nasjonale, skriv Hordaland Folkeblad.
23 nye den siste veka
Arrangement og innandørs treningar er forbodne, skular og barnehagar er på raudt smittevernnivå. Og bruk av munnbind er påbode i ein del situasjonar.
– Nokre av smittetilfella er kjende nærkontaktar, andre har ukjend smitteveg. Smittesporingsarbeidet er i gang, skriv Hordaland Folkeblad og viser til pressemeldinga frå heradet.
– Urovekkjande
Ordføraren omtalar situasjonen som «urovekkjande» overfor VG
– Me hadde eit betydeleg utbrot i starten av februar i samband med utbrotet i Ulvik. Då kjente me derimot til smittevegane. Det gjer me ikkje no, seier Torgeir Næss til VG.