Elevar ropte ut si glede over dagen og skulen dei går på.
Elevar ropte ut si glede over dagen og skulen dei går på. Foto: Sigrid Seim

Strålande feiring i Granvin

Toget var lengre enn på mange år, og ramma var også i Granvin perfekt rundt feiringa av nasjonaldagen.

Unge og eldre musikantar i det utvida skulemusikklaget sette tone til folketoget som på tradisjonelt vis starta frå Trudvang.

Flokken av festkledde born og vaksne var større enn på lenge, kommenterte fleire. Men så var også ramma rundt feiringa den beste, med sol, bløming og ein fin flaggvind.

Tradisjonane vart ivaretekne også ved samlinga i Mælandshagen. Musikkinnslag, helsing frå ordførar og tale frå 9.klassingane Sigrid Folkedal og Susanna Fære Spildo.

Til sist utdeling av kulturpris, som dette året gjekk til Granvin skyttarlag. Svein Medås og Gunnar Lussand takka for heideren.

Toget gjekk deretter oppover bygda att, til servering, leik og underhaldning vidare utover dagen.

Flotte jenter med nye bunader skein om kapp med sola i Granvin.
Flotte jenter med nye bunader skein om kapp med sola i Granvin. Foto: Sigrid Seim
Under det store treet i Mælandshagen trivst dei minste.
Under det store treet i Mælandshagen trivst dei minste. Foto: Sigrid Seim
Friske tonar frå fine musikantar i Granvin.
Friske tonar frå fine musikantar i Granvin. Foto: Sigrid Seim