Gå til sidens hovedinnhold

- Svelg kamelen før møtet

Artikkelen er over 10 år gammel

Politikarar blir ofte gode på å svelgja kamelar. Raudt utfordra motstandarane sine til å svelgja unna før budsjettmøtet starta.

Med ferske peparkakekamelar og godt humør ynskte Raudt sine meiningsmotstandarar velkomne til budsjettmøte på Tinghuset torsdag. «Øv på kamelsvelging før møtet», var meldinga frå Bjarte Håkon Kaldestad og Ida Nordli-Kaldestad.

- Det er for lite humor i politikken, seier dei to frå Raudt, som streka under at stuntet også har ein politisk undertone.

- Me protesterer mot dei generelle kutta som kjem i budsjettet. Fleirtalet har hengt seg så opp i å redda alle skulane at det går utover heile skulesektoren.

SV-representant Arnfinn Gjerdåker var den første som kom forbi kamelstanden.

- Vil du svelgja ein kamel før møtet?

- Ja, men då kan Raudt ta seg ein bolle, kvitterte Gjerdåker og spanderte fersk kveitebolle frå nista. Etter kvart kom representantane i kommunestyret sigande, og peparkakekamelane vart tekne imot med godt humør og god appetitt.

- Dette smakte bra, det. Kreativt og morosamt, var attesten frå ordførar og varaordførar.

- Eg er litt misunneleg på ideen, meinte Iril Schau Johansen frå Høgre.

Til sjølve budsjettdebatten hadde Raudt godt håp om fleirtal for eit verbalframlegg, der dei ber rådmannen undersøkja om Voss kommune får så store overføringar frå Staten ein skal ha.