Gå til sidens hovedinnhold

Synnøve er «Årets nordmann»

Artikkelen er over 10 år gammel

Magasinet Ny Tid kårar i dag Synnøve Kvamme til «Årets nordmann» for sin kamp mot monstermastene i Hardanger.

I juryen si grunngjeving heiter det mellom anna: «Takket være den mangeårige kampen til Granvin-oppvokste Synnøve Kvamme, har resten av Norge fått øynene opp for hvilke konfliktlinjer som skjuler seg bak de såkalte «monstermastene» i Hardanger, mellom Simadal og Samnanger.»

Sterkt selskap

Også ungdomspolitikar Prableen Kaur og Utøya-helt Marcel Gleffe får same utmerking i dag.

- Kvar for seg har dei gjort nok til å få prisen heilt åleine, seier Ny Tid-redaktør Dag Herbjørnrud. I fjor fekk Marie Amelie prisen.

Om Synnøve seier juryen at ho har vore med på å skapa den største merksemda rundt eit naturinngrep i Noreg sidan Alta-vassdraget vart lagt i røyr for tretti år sidan.

Globalt perspektiv

«Kvamme har som leder av Hardangeraksjonen vært med på å få fram at denne saken også kan handle om strømleveranser til oljeplattformer i Nordsjøen. Og om Norges energiforsyning til resten av Europa. Slik har hun fått fram at den lokale miljøkampen også er en viktig del av den globale klimakampen.»

Kåringa går føre seg på Litteraturhuset i Oslo i føremiddag. Til Bergens Tidende uttalar Synnøve Kvamme at ho ikkje hadde drøymt om å få ein slik pris, og at det i ljos av siste tiders negative sabotasjerykter er ekstra motiverande å få ein slik positiv oppsving no.