Ina Gjeraldstveit Mørkve kjempa mot damene frå Stord.
Ina Gjeraldstveit Mørkve kjempa mot damene frå Stord. Foto: Stine Strand Carlsen

Tap for vossadamene

Stord var hakket betre enn Voss på Olabanen laurdag.

Bortelaget vann 2–0 i 2. divisjonskampen på Olabanen på Prestegardsmoen. Alt etter ni minutt scora Stord sitt fyrste mål, og Voss hang etter.

Vossadamene hadde fleire sjansar i fyrste omgang, særleg under eit frispark frå Ina Gjeraldstveit Mørkve som dessverre gjekk stong ut.

Også Ingebjørg Arneberg Stueland hadde ein fin sjanse mot slutten av fyrste omgang, som også diverre gjekk tapt.

På det jamne

Stord fekk sitt andre mål 22 minutt ut i kampen, og andre omgang var jamspelt utan dei store sjansane.

Midtvegs i andre omgang fekk kaptein Sanna Skulestad Dregelid seg ein skade etter ei takling. Ho halta seg vidare, men etter ti minutt vart ho bytt ut med Marite Rise Mæland.

Det var ingenting å seia på stemninga mellom vossasupporterane.
Det var ingenting å seia på stemninga mellom vossasupporterane. Foto: Stine Strand Carlsen

Det vart ikkje siger på vossadamene denne gongen, men det kan snu i neste kamp. Då speler vossingane mot Fyllingsdalen på Varden Amfi, neste laurdag.