Langhelletunnelen på E16 vart stengd på grunn av tekniske problem.
Langhelletunnelen på E16 vart stengd på grunn av tekniske problem. Foto: Vegvesen.no

Tekniske problem i tunell stengde E16

Langhelletunnelen langs E16 vart stengd på grunn av tekniske problem.

Klokka 15.09 måndag melder Vegtrafikksentralen at Langhelletunnelen langs E16 er stengd.

– Tunellen er stengd på grunn av tekniske problem, skriv sentralen.

Alt ti minutt seinare vart tunellen opna for trafikk att.

Mellom Vaksdal og Trengereid

Langhelletunnelen ligg mellom Vaksdal og Trengereid.

E16 Langhelletunnelen i Vaksdal, åpen for trafikk igjen.

— Vegtrafikksent. vest (@VTSvest)August 5, 2019