TI REGLAR: Helse- og omsorgsminister Bent Høie (t.h.) kom med ti smittevernreglar onsdag. Biletet er frå då ministeren var på besøk på Voss sjukehus i 2019. Foto: Marita Saue Hamre

Ti smittevettreglar frå helseministeren

Under onsdagens pressekonferanse kom helse- og omsorgsminister Bent Høie med ti smittevernreglar.

Onsdag klokka 16 informerte justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H), helse- og omsorgsminister Bent Høie (H), helsedirektør Bjørn Guldvog og direktør ved Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg, om koronasituasjonen.

Bent Høie kom i tillegg med ti smittevernreglar:

1. Ha god handhygiene og god hostehygiene.

2. Ver heime når du er forkjølt eller har vondt i halsen.

3. Unngå handhelsing og klemming - dei som bur saman kan sjølvsagt gjera som normalt.

5. Hald avstand på to meter, unntatt dei du bur saman med.

6. Ver maks fem personar saman, når ein til dømes er ute.

7. Karantene eller heimeisolasjon ved sjukdom.

8. Unngå kollektivtransport.

9. Ikkje reis med mindre det er strengt naudsynt.

Artikkelen held fram under annonsen.

10. Kom deg ut på tur i nærområdet – med mindre du er sjuk.

Les også
Over 900 heilt arbeidsledige i Voss herad

– Må vera varsame

– Me skal vera varsame når me opnar det norske samfunnet, litt etter litt. I denne samanhengen må me halda fram å gjera alt som me veit hjelper, sa Høie under pressekonferansen.

Når me no skal inn i påsken, har eg ei veldig klar oppmoding til det norske folket, seier Høie.

– Ikkje ver Severin Suveren denne påsken heller.

Dagens smittetal

Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet opplyste om dagens oppdaterte smittetal i Noreg.

– 70 fekk respiratorbehandling, det er åtte færre enn dagen før.

– 6010 smitta fram til midnatt onsdag.

– 55 prosent av dei har blitt smitta i Norge.

– 26 prosent i utlandet.

– Medan det er ukjent smittestad for 18 prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Gjennomsnittsalderen for dei døde er 84 år.

– Den yngste blei 51 år, den eldste 102 år.

Stoltenberg opplyste også om at flest nordmenn har blitt smitta i Austerrike og Spania.

Les også
Dette er dei nye korona-tiltaka

Regjeringa letta tysdag på nokon av dei mest inngripande tiltaka, men framleis er mange sektorar og område av samfunnet prega av nedstenging.