Brannvesenet rykte ut då brannalarmen gjekk i ein kommunal bustad i Bjørgabaret.
Brannvesenet rykte ut då brannalarmen gjekk i ein kommunal bustad i Bjørgabaret. Foto: Lars Olve Hesjedal/Illustrasjon

Til sjukehus etter brann i bustad

Voss Brannvern rykte ut til Bjørgabaret ein gong mellom klokka 04.00 og 05.00 fredag.

– Det starta ein ulmebrann etter at det tok fyr i noko som låg oppå ein vedovn, seier Arnfinn Halrynjo ved brannvakta.

Det vart ein del røykutvikling.

Til sjukehus for sjekk

Personen som var i bustaden fekk i seg ein del røyk.

– Vedkomande var medviten og elles i fin form, men vart for sikkerheits skuld køyrd til sjukehus for sjekk. Etterpå lufta me ut bustaden, legg Halrynjo til.

Les òg:

-Full mann gjorde seg skuldig i to lovbrot på ein time.