Naudetatane rykte ut til ei ulukka i Eidfjord måndag ettermiddag.
Naudetatane rykte ut til ei ulukka i Eidfjord måndag ettermiddag. Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Til sjukehus etter krasj med hjullastar

To personar vart sende til sjukehuset etter ein kollisjon mellom personbil og hjullastar i Eidfjord.

Klokka 16.40 måndag melde politiet på Twitter at føraren av ein personbil har køyrd inn i ein parkert hjullastar.

– Det er to personar i personbilen, og føraren klagar på smerter i ei hand. Passasjeren er også skadd, opplyste politiet. 

Personane vart sende til Voss sjukehus.

Skjedde i Krossdalen

Politiet melde at ulukka skjedde 200 til 300 meter inn i Krossdalen.

– Det er store materielle skadar på personbilen. Airbagen vart utløyst, melde politiet.

Oljesøl på staden

Personbilen kom frå aust til vest, og krasja med hjullastaren som rydda snø over vidda.

Det vart litt oljesøl på staden etter ulukka.

Ein hjullastar er ei anleggsmaskin med hjul, som blir nytta til lasting og planering av jord, grus og stein.

Store materielle skader på personbil. Airbager utløst. Kollidert med hjullaster. Kom fra øst mot vest. Kjørt i bakende av hjullaster som ryddet snø over vidden. Bilberger er på stedet. Lite og ingen trafikk.

— Vest politidistrikt (@politivest)March 18, 2019

Artikkelen held fram under annonsen.

Brannvesen fremme, store materielle skader, litt oljesøl. Personer tatt hånd om av helse.

— 110 Hordaland (@110Hordaland)March 18, 2019