Ein person er frakta med luftambulanse. Biletet er frå ei anna ulukke.
Ein person er frakta med luftambulanse. Biletet er frå ei anna ulukke. Foto: Geir Geitle / arkiv

Til sjukehus etter våpenuhell på Reimegrend

Ein person er frakta med luftambulanse til Haukeland.

– Uhellet har skjedd med eit luftvåpen på Reimegrend, melder Vest politidistrikt på Twitter klokka 16.47.

Ein person er frakta til Haukeland sjukehus med luftambulanse for sjekk.

Politiet gjer undersøkingar

– Politiet er på staden og undersøkjer forhaldet, skriv politiet.

Skadeomfanget er førebels ukjend.

– Me veit ikkje kva som er årsaka til uhellet, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

NTB skriv at politiet fekk melding om hendinga klokka 14.15 sundag ettermiddag, og at det var fleire vitner då ulukka skjedde.

#Reimegrend#Voss- Uhell med luftvåpen. En person flydd til Haukeland for sjekk.

Politiet er på stedet og undersøker forholdet.

— Vest politidistrikt (@politivest)July 14, 2019