VAKSDAL: Frå måndag går kommunen tilbake til nasjonale smittevernreglar og tilrådingar. Foto: Stine Strand Carlsen

Tilbake til normalt i Vaksdal frå og med i dag

Vaksdal kommune år tilbake til nasjonale smittevernreglar og tilrådingar frå måndag 22. februar.

Det melder Mona Mekki på Innbyggjarservice i Vaksdal kommune.

Etter ein periode med ekstra smittevernreglar og tilrådingar, som fylgje av utbrotet av muterte variantar av koronaviruset, vurderer regjeringa og helsestyresmaktene det slik at smittesituasjonen no er under kontroll, melder kommunen.

Frå midnatt natt til måndag 22. februar gjekk Vaksdal kommune difor over til å fylgja dei nasjonale smittevernreglane og ikkje lenger ha ekstra tiltak for Vaksdal kommune.

Kan skjenkja att

– Dette tyder mellom anna at det ikkje lenger er påbod om heimekontor, men det er framleis tilrådd å ha heimekontor for dei som kan. Serveringsstadane kan igjen skjenkja alkohol, så lenge dei fylgjer reglane for skjenkjestopp, avstand og registrering av gjester, heiter det mellom anna i meldinga.