SKAL TESTA MANGE: Fredag skal 100 personar i Eidfjord testa seg for korona. Her frå februar, då det var smitteutbrot i Ulvik og Eidfjord hjelpte til med testinga. På biletet er lege Marcus Langeland. Foto: Terje Hjartnes

Innfører strenge tiltak i Eidfjord: – Me testar for fullt

Ein tilsett på sjukeheimen i Eidfjord har testa positivt for korona. Smittevegen er ikkje kjend.

Natt til torsdag kom meldinga om at ein tilsett på Eidfjord Bygdaheim har testa positivt for korona. Sjukeheimen har 20 bebuarar.

– Vedkomande vart rutinemessig testa som fylgje av at alle tilsette på sjukeheimen vert testa kvar tredje dag, opplyser kommunen i ei pressemelding.

Smittevegen er enno ikkje kjend.

– Den smitta er ikkje nærkontakt til tidlegare meldt smittetilfelle, noko som gjer at me per no ikkje har kjend smitteveg. Smittesporing tyder likevel på at dei har ein samanheng, står det i meldinga.

NYTT SMITTETILFELLE: Ein tilsett knytt til Eidfjord bygdaheim har testa positivt for korona. Foto: privat foto

Stengjer ned

Tysdag var Eidfjord kommune i møte med FHI og Statsforvaltaren. Dei innfører ikkje ei lokal forskrift, men det vert innført skjerpa tiltak for kommunen fram til 12. mai:

Dette må stengja:

– Kulturskulen

– All fritidsaktivitet for vaksne

– Kino

– Galleri

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fritidsklubb

– Kommunehuset og bibliotek

Andre tiltak:

– Barnehage og skule på raudt nivå

– Heimekontor i den grad det er mogleg

– Munnbind på offentleg stad der det ikkje er mogleg å halda 2 meter avstand

– Det vert oppmoda om å avgrensa å gå på eller å ta imot besøk

– Det vert oppmoda at tilreisande gjer innkjøp i heimkommunen om dei skal opphalda seg i Eidfjord

100 skal testast

Kommunen opplyser at 100 personar skal testast på fredag.

– I tillegg er ein god del i karantene, men her har eg ikkje noko eksakt tal, seier kommuneoverlege Rita Høvseth.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er alle bebuarane på Bygdaheimen vaksinerte?

– Alle dei som skal ha vaksine har fått dette, ja.

Testar for fullt

Kommuneoverlegen fortel fredag at testinga pågår for fullt i kommunen.

– Me skal testa 90 stykk i dag, og 18 stykk i morgon. Så langt har det ikkje vore registrert nokon nye smitta, seier Høvseth.

Totalt sidan laurdag har kommunen testa over 300 personar.

– Koronateamet gjer ein formidabel jobb, og det er venta at mange testsvar vil komma i morgon, så det vert spennande å sjå, seier kommuneoverlegen.

Les også
Nytt smittetilfelle knytt til bygg med fleire unge